Men samstundes som både ungdom og eldre har teke i bruk transportmiddelet, har det blitt rabalder. Elsparkesyklar på fortau, i parkar, i elver, langs vegen har fått folk til å sjå svart. Og medan eigarane av dei delte framkomstmidla reklamerer med eit bærekraftig og miljøvenleg transportalternativ, har kritikarane peika på hola i den forklaringa. Ei levetid på ned i ein månad, ifølge ein forskingsrapport, forureinande produksjon og transport frå Kina og at mange av dei havnar i elv eller fjord rundt byane har blitt trekt fram som motbevis for miljøvenlegheita.
– Kor stort miljøavtrykket er, kjem an på korleis ein ser det. Det vert eit fotavtrykk å produsere sparkesyklane i Kina for å frakte dei hit, så samanliknar ein med å gå eller sykle, er dei ikkje klimavenlege. Samanlikna med kollektivtransport, er det omtrent likt, men samanliknar ein med å køyre bil, er det betre med elsparkesykkel, seier Fearnley.
I ei undersøking TØI gjorde i 2019 svarar over seksti prosent av brukarane at elsparkesykkelen erstatta gange eller sykling, og difor må kunna seiast å vere negativ for både helse og miljø. Medan elsparkesykkelfirma Voi peikar på ein reduksjon av bilturar som ein av hovudgrunnane til at elsparkesyklane er bra for klima, er det berre fem prosent som seier til TØI at dei brukar framkomstmiddelet framfor bil. Fearnley understrekar at undersøkinga vart gjort i Oslo, der marknaden var veldig konsentrert i sentrum. Der er det i utgangspunktet lite biltrafikk, og biletet kan difor sjå annleis ut andre stadar.