fbpx

Klima i konflikt: Del 2

Endeleg elbilvekst i distrikta

Elbilen er i ferd med å erobre også distriktsnoreg. 2020 enda med at elbilsalet vaks meir i typiske distriktsfylke enn i byane.

Elbilveksten har til no vore langt større i byane enn i distrikta. Behov for lengre rekkevidde og mangel på ladestasjonar får skulda for at elbilsalet ikkje har hatt den same veksten i distrikta som i byane.

Men no ser det ut til å snu.

– Særskilt på slutten av 2020 tok elbilsalet seg opp i typiske distriktsfylke som Finnmark og tidlegare Sogn og fjordane, seier leiar for kommunikasjon og samfunnskontakt i Norsk elbilforening, Unni Berge.

Leiar for kommunikasjon og samfunnskontakt i Norsk elbilforening, Unni Berge.

- Særskilt på slutten av 2020 tok elbilsalet seg opp i typiske distriktsfylke som Finnmark og tidlegare Sogn og fjordane.

Ekstremsport

Berge peiker på at 49,5 prosent av nye bilar som var selde i Finnmark og Troms var elbilar. I tidlegare Sogn- og fjordane var andelen 42 prosent. Likevel er det langt flest diesel- og bensinbilar på distriktsvegane. Mange stader er det liten tilgang på hurtigladarar, og når ein bur på stader der avstandane kan vere store, vert ikkje elbilen eit naturleg val.

– I til dømes Finnmark har det vore sett på som ekstremsport å køyre elbil, då avstandane er store og kulden gjer rekkevidda enda lågare, seier Berge.

I tillegg har ein ikkje hatt like mykje nytte av insentiv som moglegheita til å bruke kollektivfeltet og å sleppe bompengar om ein ikkje køyrer gjennom byområde dagleg.

 

Men forskar ved Transportøkonomisk Institutt, Lasse Fridstrøm, trur det er distriktet som vil ha den største delen elbilar i framtida. I område som har dårlegare tilbod av kollektivtransport, og folk er meir avhengige av køyre sjølv. I tillegg til at folk flest bur i einebustad.

– Den viktigaste føresetnaden for å kjøpe elbil er moglegheita til å lade heime. Det har dei aller fleste i distriktet, seier han.

 

Over 90 prosent av elbilladinga føregår nemleg heime. Samstundes har godene med å køyre elbil vore fleire i byane til no, med mellom anna bompengefritak, moglegheit til å køyre i kollektivfeltet og fri parkering. Det har fått fleire til å droppe forbrenningsmotoren fortare. Når elbilane får stadig betre rekkevidde, og lademoglegheitene vert betre, blir det eit reelt val også for dei som bur i mindre sentrale strok.

 

Halvert sal med moms
Så vert spørsmålet om elbilfordelane rekk å breie om seg også for dei som bur utanfor dei store byane. Dersom det vert moms på den delen av elbilprisen som overstig 600 000 kroner, noe som Arbeiderpartiet har foreslått, vil det berre senke elbilsalet med fire prosent ifølge TØI.

 

Elbilfordelane er vedtatt å vare ut 2021, i tillegg har EU godkjent å ha momsfritak ut 2022. Etter det er det opp til politikarane å verte einige om kva som skjer.

 

– Elbil er eit klimatiltak som høver godt på bygdene. No tek salet endeleg av også der, difor meiner me ein må ha is i magen når det kjem til moms og avgifter, slik at også distriktet får nyte godt av elbilgodene, seier Berge i elbilforeningen.

 

Vil ta tid i resten av verda
Men medan elbilane har fått godt fotfeste i Noreg, trur Fridstrøm det vil ta lengre tid andre stader.

– Her kan ein finne seg i å måtte stoppe om ein køyrer lengre enn ein har rekkevidde til, slikt er ein større bakdel i til dømes Tyskland, seier han.

 

For medan ein køyretur på 500 kilometer typisk tek rundt sju timar i Noreg, ville den teke om lag halvparten på autobahn i Tyskland. Då er det vanskelegare å overtale folk til at ein halvtime ladepause er greitt.