I avveginga mellom klima og natur, prøver ein å lage modellar for å kunne sette verdiane opp mot kvarandre. I Storbritannia har dei til dømes eit system der utbyggarar må ta rekninga for å verne eit naturområde tilsvarande det dei bygger ut på. Det har i nokre høver ført til at ein ikkje har bygd ut, på grunn av dei ekstra kostnadane.
– Me må kanskje ha ein meir heilskapeleg prosess nasjonalt og bli einige om kva verdiar ein skal verne, seier ho.
Verdien av ei myr
NINA jobbar med å skape metodar for å få fram verdien av naturen, som i naturrekneskap, kartlegging, overvaking og forsking. Om ein skal gjere grundige vurderingar, treng ein grundige data. Og om ein skal sette to ting mot kvarandre, treng ein eit rekneskap.
– Me veit at naturen og naturgodane har ein økonomisk verdi og at øydelegging har ein kostnad, og me jobbar med å finne ei verdivurdering for den. Det kan vurderast mot andre samfunnsomsyn, som utbygging, seier Teien.
I eit slikt rekneskap kjem meir enn pengar inn i bilete, men også naturgode som naturen si tyding for folkehelse, forsking og turisme.
– Det er også undervurdert at naturen er eit godt klimatilpassingstiltak. Ein robust natur er viktig i møte med klimaendringane, og det kostar dyrt om ein må gjere tiltak for å betre det seinare, seier Teien.
Men her også finnast det to retningar. For kan ein sette ein prislapp på naturen?
– Det finnast dei som meiner ein er nøydt til å sette ein økonomisk verdi på naturen for at den skal prioriterast i politiske avgjerder. Andre meiner at å gjere det er ein kjempefeil. Eg trur svaret ligg ein plass i midten. I samfunnsøkonomiske analysar i dag, blir det ikkje sett direkte prislapp på naturen, men ein må få fram både verdiane av naturen og konsekvensane utbygging av den har for samfunnet.
Manglar kunnskap
For korleis kan ein samanlikne verdiar som havørner og kilowattimar? Det er vindkraftutbyggarane som har hatt ansvaret for å utreie områda dei vil bygge i. Det er nyleg kome nye retningslinjer for konsekvensutreiingar for klima og miljø, men det har opp gjennom tidene kome mykje kritikk mot dei utgreiingane som tidlegare er gjort.
– Nye reglar er bra, og det er viktig at utgreiingar byggjer på eit solid og heilskapleg kunnskapsgrunnlag, seier Teien.
Ho peiker på døme som at ein ikkje tek med tapet av naturmangfald og naturens karbonlagring i reknestykket når ein skal vurdere gevinstane ved å erstatte fossil energi med vindkraft.
– Ein har til dømes sett lite på konsekvensar i form av karbonlekkasje ved inngrep og konsekvensar for framtidig karbonlagring, til dømes i våtmark og fjell, seier Teien.
Det same skjer når ein til dømes diskuterer skogbruk og utbygging av hyttefelt.
– Når det gjeld vindkraft, har ein sett mykje på konsekvensane for fuglar, landskap, villrein og litt for insekt, medan andre konsekvensar har fått mindre fokus. Det er kunnskapsmangel på fleire område, seier Teien.
I Noreg er det mykje utbyggingsplanar langs kystområdet og dei stadane det er mest vind. Det er også dei områda det er mykje urørt natur. I staden kunne ein ha bygd ut meir langs motorvegar eller i industriområde der det allereie finnast infrastruktur, meiner forskarane.
– Det har vore for mykje fokus på å bygge ut der det er mest mogleg vind og å få mest mogleg igjen for turbinane. Ein må kanskje ha fleire turbinar om ein bygger ved ein veg enn på ein knaus, men då vert naturkostnaden mindre, seier Aamodt.