fbpx
Nyheter

– Studiestader villeiar studentane

Mastertilbodet har blitt ein jungel som berre eliten klarer å orientere seg i, ifølgje marknadsføringsekspert.

Du leitar etter eit godt masterprogram, kanskje søkjer du på ordet «siviløkonom». Trefflista på nettet er lang, og lovnadene enda fleire:

Du vil bli relevant og attraktiv. Du får ei anerkjend utdanning med høg kvalitet. Faktisk har dei aller fleste jobben sikra før dei blir uteksaminerte

Karl-Fredrik Tangen, førstelektor ved Institutt for markedsføring ved Høyskolen Kristiania, er kritisk til marknadsføringa til norske utdanningsinstitusjonar.

– Det er ikkje slik at tjue ulike studiestader med tilsynelatande like masterprogram gjev deg dei same moglegheitene, seier han.

– Ein siviløkonom-tittel var eit gullkort før, men no er han meir utfordra. Du må kunne orientere deg mellom institusjonane. Også for karrierevegleiarar kan det vere vanskeleg å sjå gjennom marknadsføringa, meiner Tangen.

karl-fredrik_tangen-scaled-aspect-ratio-9-16
Portrett til ansattsiden på Kristiania.no

Karl-Fredrik Tangen meiner at det store tilbodet av utdanningsprogram blir eit hierarki med kvalitetsforskjellar. – Dei som klarer å orientere seg, er dei som kjem frå ressurssterke familiar, seier han. Foto: Høyskolen Kristiania.

Meiner klasseskilje blir reproduserte

Talet på norske masterprogram har eksplodert – også innan andre fagfelt. På ni år steig talet på masterprogram med rundt 50 prosent, frå vel 1000 i 2013 til vel 1500 i 2022, ifølgje forvaltningsorganet Nokut.

Og kven er det som lettast finn fram i masterjungelen? Eliten, ifølgje Tangen.

– Vi får eit hierarki med kvalitetsforskjellar. Kvar du studerer, har betydning for kva du får ut. Og dei som klarer å orientere seg, er dei som kjem frå ressurssterke familiar.

– Det er vel litt utopisk at vi skal ha eit system der alle utdanningar er like gode?

– Ja, men det er slik institusjonane legg det fram. Og dei som blir lurte, er dei studentane som ikkje har moglegheit til å setje seg inn i kvaliteten på studieprogramma.

Vi får eit hierarki med kvalitetsforskjellar. Kvar du studerer, har betydning for kva du får ut. Og dei som klarer å orientere seg, er dei som kjem frå ressurssterke familiar.

Gamle franske tankar

Tangen meiner at han argumenterer i tråd med «nesten all utdanningssosiologisk forsking», som finn at høgare utdanning reproduserer klasseskilje.

I 2021 fann for eksempel sosiologen Marianne Nordli Hansen og kollega Thea B. Strømme at klassetilhøyrsle spelte ei avgjerande rolle for karakterar blant jus-studentar.

Også eit nytt notat frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse peikar på ein klar samanheng mellom foreldre si utdanning og dei vala ungdomar tar. 

Tankane kan sporast tilbake til den franske sosiologen Pierre Bourdieu, som på 1970-talet utvikla teorien om kulturell kapital for å forklare klasseskilnader i akademiske prestasjonar.

Meiner institusjonane vil tilfredsstille sine eigne interesser

Tangen poengterer at institusjonane sjølve har eit behov for å tilby utdanningsprogram på høgare nivå – og at dei jobbar hardt for å rettferdiggjere utdanningane og privilegia dei gjev. Marknadsføringa kan til tider vere villeiande, meiner han.

– Din eigen arbeidsplass tilbyr ein bachelor i framtidas økonomifag. Er det ikkje ganske store ord, det òg?

– Jo, og det er ikkje alt ved skulen eg er samd i, særleg ikkje når han blir for opptatt av å tilfredsstille samtida sine krav og hevde å ha kontroll over framtida. Men heldigvis har vi som er fagleg tilsette, akademisk fridom og kan uttale oss fritt om skulens marknadsføring.

– Vi kunne vore tydelegare

Petter Lønningen, teamleiar for innhald hos Høyskolen Kristiania, meiner på si side at ærlegdom er viktig i skulens kommunikasjon.

– Skryt vi meir av eit studium enn det er grunnlag for, risikerer vi at mange hoppar av, seier han.

petter-lonningen-hoyskolen-kristiania-aspect-ratio-9-16
petter-lonningen-hoyskolen-kristiania

Petter Lønningen ved Høyskolen Kristiania meiner at ærlegdom er viktig i skulens kommunikasjon. Foto: Eli Lund.

NHO sitt kompetansebarometer, som skal gje eit innblikk i kompetansebehovet i arbeidslivet framover, er ei viktig kjelde i skulens marknadsføring, ifølgje Lønningen.

– Studia våre skal også vere utvikla i samarbeid med næringslivet for å sikre relevans.

22 jobbhistorier i månaden

Over halvparten av all studiemarknadsføringa er artiklar der tidlegare studentar fortel om den jobben dei har i dag, fortel han. Målet er å lage 22 slike saker i månaden.

– Då er det vel dei gode historiene som blir løfta fram?

– Ja, mange slike saker kjem i stand ved at tidlegare studentar tar kontakt med oss eller endrar status på LinkedIn. Men vi har eksempel på at vi har skrive saker om ting som har vore utfordrande i studietida. Marknadsføringa må også førebu studentar på kva som ventar dei.

– Kor gjennomtenkt er ei formulering som «framtidas økonomifag»?  

– Dette studiet lærer deg mellom anna teknologijuss, utvikling og implementering av IT-system, kompetanse som allereie er mangelvare utanfor IKT-sektoren. Men vi burde forklart det betre i sjølve artikkelen. Der var vi ikkje tydelege nok.

Stemmer undersøkingane?

NTNU kan på sine nettsider fortelje om mellom anna master i økonomi og administrasjon, der du får tittelen siviløkonom – ein type studium som i dag blir tilbode på langt fleire studiestader enn før. Her står det at dei fleste har jobben sikra allereie før dei er ferdig utdanna.

Og ganske riktig: Ifølgje NTNUs kandidatundersøking frå 2022 hadde 72 prosent av masterstudentane i økonomi og administrasjon jobb før graden var fullført.

Vi spør Karl Asmund Rognøy Olsson, seksjonssjef for Utdanning- og studentkommunikasjon ved NTNU:

– Men da må det vere litt trist viss du er blant dei som ikkje får det til?

– At 72 prosent har fått jobb før dei er ferdig utdanna, betyr ikkje at 28 prosent har aktivt søkt jobb før dei var ferdige og ikkje fått det. Ein kan ha mange grunner til å ikkje gå rett ut i jobb. Vi ser i same undersøking at 98 prosent har jobb innan seks månader, så vi har dekning for forventningane vi legg til rette for, seier Olsson.

Olsson-NTNU-aspect-ratio-9-16
Olsson - NTNU

– Vi vil ikkje ha studentar som føler seg lurte eller har misforstått, seier Karl Asmund Rognøy Olsson ved NTNU. Foto: Thor Nielsen/NTNU.

Karl Fredrik Tangen er generelt skeptisk til undersøkingane studiestader gjer. Han uttaler seg ikkje spesifikt om NTNU:

– Blir du, som tidlegare student, spurt om du har ein relevant jobb, er det psykologisk problematisk om du ikkje har det. Det er lettare å svare når du har lykkast. Men kven som vel å svare, kjem ikkje fram i undersøkingane, seier han.

Meiner pynting ikkje lønner seg

Tangen er også skeptisk når enkelte studiestader reklamerer med ting som at «9 av 10 går rett ut i jobb».

– Er arbeidsløysa 4 prosent, er det jo ein slags skandale viss 10 prosent av studentane ikkje får jobb, seier han.

Karl Asmund Rognøy Olsson meiner på si side at studiestadene ikkje tener noko på å pynte på verkelegheita. Han har tiltru til NTNUs kandidatundersøking, som har nær 9.000 respondentar.

– Det som er viktig for oss på NTNU, er at tekstane gir svar på det folk bruker å lure på, at dei er lett forståelege, at vi følgjer reglar for universell utforming og at det som står der, er sant. Vi vil ikkje ha studentar som føler seg lurte eller har misforstått, seier Olsson.