fbpx
Nyheter

Vil kapitalismen til livs

Det er blitt ein ståande vits at det er lettare å førestille seg slutten på sivilisasjonen, enn slutten på kapitalismen. Men det finst likevel dei som prøver, også i Noreg.

– For meg starta det med at eg gjekk av med pensjon og hadde lyst til å engasjere meg i berekraftsarbeid, seier Ellen Sjong. Ho leier nettverket Smultringøkonomi Norge, som har vakse fram dei siste tre-fire åra, etter at Sjong byrja å snakke om smultringøkonomi i heimbyen Tønsberg.

Sjong er utdanna spesialpedagog og har lenge vore oppteken av systemteori, som ho også har undervist i. Ho tenkte at skulle ein hamle opp med dei mange globale krisene, måtte ein sjå på det økonomiske systemet, og ho kasta seg over det ho fann av litteratur om alternativa.

Ellen-Sjong_foto-privat-aspect-ratio-9-16
portrettbilde av Sjong

Spesialpedagog Ellen Sjong. Foto: Privat.

– Då eg kom over boka Doughnut Economics, vart eg begeistra. Den presenterer ein visuell modell for økonomien vi treng, som femner heilskapen og samanhengande i verda, og eg trur det er heilt vesentleg for ein ny økonomi, seier Sjong.

Fakta: Nokre økonomiske alternativ:

Smultringøkonomi:

Ein modell utvikla av Kate Raworth, som seier at økonomisk aktivitet må vere innretta mot å dekkje folks grunnleggjande behov, innanfor planetens tolegrenser.

Motvekst/vekstfridom:

Ein planlagt reduksjon av visse typar produksjon og (material)forbruk i rike land, for å betre kunne løyse dei miljømessige og sosiale problema vekstideologien skapar. Målet er å leggje til rette for gode liv for alle, basert på verdiar som rettferd, solidaritet, nøysemd og respekt for alt liv.

Livskvalitetsøkonomi:

Eit rammeverk der offentleg politikk blir utforma for å leggje til rette for auka livskvalitet. Eitt element er å utforme indikatorar som kan brukast i staden for, eller i tillegg til, bruttonasjonalprodukt for å måle utviklinga i eit lands økonomi.

Økologisk økonomi:

Ei akademisk retning som studerer økonomi som ein del av naturens økosystem, slik at menneska sin påverknad på naturen blir rekna som ein del av økonomien. Alternative økonomiske system byggjer i stor grad på innsikter frå økologisk økonomi.

 

 

Ein økonomisk smultring

På norsk har modellen, som er laga av britiske Kate Raworth, fått namnet smultringøkonomi. Hovudtesen er at økonomisk aktivitet må skje innanfor det «trygge og rettferdige rommet» der alle menneske får dekt sine grunnleggjande behov (representert ved den indre ringen i smultringen), men utan å overskride planetens biofysiske tolegrenser (den ytre ringen).

Men modellen seier lite om detaljane. Kva formål skal bedrifter ha, og kven skal eige dei? Korleis kan ein best organisere produksjon og fordeling av nødvendige gode som mat, bustad, energi og mobilitet? Kva med skattesystemet? Og kan vi tenkje annleis om korleis vi lagar og brukar pengar? Det finst mange forslag til løysingar på slike spørsmål, men ingen fasit.

– I boka skisserer Raworth sju prinsipp for ein økonomi som kan løyse utfordringane som kjenneteiknar vår tid. Å skape ein ny økonomi er noko vi må eksperimentere oss fram til i lag, og vi kjem sikkert til å gjere masse feil, men då har vi desse prinsippa å rette oss etter, seier Sjong.

Fridom frå vekst

Raworth seier mellom anna at smultringøkonomien må ha innebygde fordelingsmekanismar, i staden for å ta for gitt at velstanden vil drype frå dei rikaste og nedover i resten av samfunnet. Han må innehalde mekanismar for å vedlikehalde og gjenskape natur og relasjonar, i staden for å forureine først og rydde opp etterpå. Og han må  ikkje vere avhengig av vekst. Etter at boka først kom ut i 2017, er modellen blitt teken i bruk som lokalpolitisk styringsverktøy mange stader i verda. Sjong utdjupar:

– Eg trur det er ein sterk lengt der ute etter noko anna, men kreftene som vil halde fram med vekstøkonomien er så sterke, og det er lett å tenkje «kva kan vel vesle eg gjere». Men det kjem. Vi er inspirert av organisasjonar som Rethinking Economics, av feministisk økonomi og økologisk økonomi. Vi er mange, det berre synest ikkje så godt i media, seier ho.

Økonomi og økologi

Smultringøkonomien står på skuldrane til økologisk økonomi, ei fagretning med røter tilbake til 1970-talet, fortel Arild Vatn. Han er professor emeritus i institusjonell og økologisk økonomi. Men påverknaden går i begge retningar, understrekar Vatn.

– For økonomi står jo i eit forhold til realitetar, det er dei som gjer at faga oppstår. Folk prøver ting i praksis, som det så blir forska på. Eg kan tenkje meg at dei praktiske erfaringane med smultringøkonomi kjem til å bli eit forskingsfelt, seier han.

vatn-arild_foto-evy-jorgensen-aspect-ratio-9-16
vatn arild_foto evy jørgensen

Arild Vatn, professor emeritus i institusjonell og økologisk økonomi. Foto: Evy Jørgensen.

Vatn er sjølv blitt involvert i smultringnettverket, og som forskar kjenner han eit ansvar for å bidra med omgrep og tenkemåtar som andre kan ta i bruk. Han har til dømes arbeidd mykje med deltakande demokrati i form av folkepanel. Det blir ofte nemnt som eit viktig element i ein ny og meir demokratisk økonomi. I skrivande stund arbeider to nasjonale folkepanel med forslag til politikk for framtida: Det eine ser på berekraftig forbruk på oppdrag frå styresmaktene, det andre på korleis vi bør bruke oljepengane våre, på oppdrag frå fleire sivilsamfunnsorganisasjonar.

– Eg har jobba med skiljet mellom forbrukarrolla og borgarrolla, og det er eit døme på kunnskap som kan vere nyttig for andre, seier Vatn.

Ikkje alltid egoistar

I butikken tenkjer vi helst på å få mest mogleg for pengane. Nyklassisk økonomisk teori tek for gitt at vi oppfører oss slik i alle samanhengar, men Vatn sine erfaringar med folkepanel, viser at teorien ikkje stemmer. Når folk blir bedne om å representere samfunnet og ikkje seg sjølv, legg dei vekt på heilt andre ting.

Han møter ofte folk som har tenkt liknande tankar for seg sjølve, men ikkje våga å seie dei høgt fordi det blir oppfatta som naivt å hevde noko anna enn at mennesket er ute etter å maksimere eigeninteresse.

– Så oppdagar dei at det finst fag som seier at intuisjonen deira er rett, og kan gje dei omgrep for det. Dei siste åra har eg vore oppteken av å ikkje berre analysere problema, men også inspirere og styrke handlingsevna, seier han.

Etter finanskrisa har økonomiundervisinga ved høgare utdanningsinstitusjonar møtt kritikk frå studentar som hevdar faget er blitt for einsretta.

– Initiativet frå studentane har gjort det litt lettare å diskutere alternativ, seier Vatn.

Alternativ økonomisk tenking byrjar altså å sive inn også i norsk akademia, og i juni 2025 skal den internasjonale konferansen for økologisk økonomi og motvekst gå av stabelen i Oslo, med Universitetet i Oslo, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og Norsk institutt for naturforsking som vertskap.

Politikken er siste skanse

Men kva med politikarane?

– Eg har inntrykk av at den politiske diskursen framleis skjer på premissane til tradisjonell økonomi, der økonomisk vekst blir sett som eit absolutt gode, og naturen er noko som eksisterer på sida. Til og med MDG har tona ned vekstkritikken sin fordi dei ser det som politisk umogleg å fremje den, seier Vatn.

Likevel er kanskje noko i ferd med å skje: Rundt i norske kommunar og fylkeskommunar sit det folk som er nysgjerrige på nye økonomiske idear. Då Ellen Sjong arrangerte den første smultringfestivalen, var til dømes Vestfold fylkeskommune ein entusiastisk samarbeidspartnar.

– Eg trur ikkje det er heilt umogleg å kome dit at ein norsk kommune eller bydel vil kalle seg ein smultringkommune, seier ho.

shutterstock_2494026789-scaled-aspect-ratio-9-16
Norway,Krone,,Financial,Analysis,,Company,Accounting,,Tax,Calculation,,Financial,Business

Det er blitt ein ståande vits at det er lettare å førestille seg slutten på sivilisasjonen, enn slutten på kapitalismen. Men det finst likevel dei som prøver, også i Noreg. Foto: Andrzej Rostek.

Frå BNP til livskvalitet

Det politiske stikkordet er livskvalitet. Fleire alternative modellar har til felles at det viktigaste målet med økonomien er livskvalitet. Mange av desse aktørane er samla i nettverket Wellbeing Economy Alliance (WeAll).

Nyleg gjekk nokre organisasjonar og forskingsmiljø saman om å etablere ei norsk WeAll-avdeling.

– Med dette prøver vi å ta tak i kva som skal til for å sette livskvalitet i sentrum for samfunnsutviklinga i Noreg, seier Vigdis Holm, dagleg leiar i Nettverk for helsefremmende samfunn, eit nettverk for norske kommunar og fylkeskommunar.

vigdis-holm-foto_-privat-scaled-aspect-ratio-9-16
vigdis holm foto_ privat

Vigdis Holm, dagleg leiar i Nettverk for helsefremmende samfunn. Foto: Privat.

– WeAll arbeider for å bruke andre mål på samfunnsutviklinga enn bruttonasjonalprodukt, for det er ikkje berekraftig i lengda. Vi ser at klima- og miljøproblem allereie går sterkt utover folks livskvalitet i mange land, og kjem til å gjere det også i Noreg.

Ho merkar ei stor interesse for å arbeide med livskvalitet i kommunane.

– Der ser mange koplinga mellom folkehelse og livskvalitet, men også mellom livskvalitet og det meir tradisjonelle berekraftsarbeidet, seier ho.

– No må vi samarbeide

Til våren legg regjeringa fram ein nasjonal strategi for livskvalitet, og der blir «livskvalitetsøkonomien» nemnt. Den er ikkje henta ut av det blå: Allereie i 2021 gav Nordisk ministerråd ut rapporten «Towards a Nordic Wellbeing Economy», som tek for seg korleis ein slik økonomi kan sjå ut i praksis. Eit kjernepunkt er korleis ein kan måle om ein brukar pengar på dei rette tiltaka. Har livskvalitet ein økonomisk verdi som kan brukast i kostnad-nytteanalysar?

Spesialrådgjevar Kjartan Sælensminde i Helsedirektoratet fortel på e-post at ein allereie har verktøy for å vurdere effekten av statlege tiltak på folks livskvalitet. Desse verktøya dekkjer ikkje alle aspekt ved livskvalitetsomgrepet, men her er det eit internasjonalt utviklingsarbeid på gang.

Kjartan-Saelensminde_-foto-Eline-Sundal-scaled-aspect-ratio-9-16
Kjartan Sælensminde_ foto Eline Sundal

Spesialrådgjevar Kjartan Sælensminde i Helsedirektoratet. Foto: Eline Sundal,

– Eg kjenner ikkje til at det er nokon aktivitet i Noreg i retning av å anvende ei form for mål på total livskvalitet. Men det kan jo endre seg dersom den komande nasjonale strategien for livskvalitet til dømes gjev signal om at slike mål skal prøvast ut, seier han.

Når det skjer så mykje, på grasrotplan, i forskingsverda og til og med i politikken, kor langt unna er vi å realisere eit alternativ til kapitalismen? For Ellen Sjong er det viktige no å samle dei gode kreftene.

– Det finst så mange som gjer mykje, frå ulike perspektiv. Det er evna vår til å samarbeide om dei tinga vi har felles, som er det store spørsmålet no, seier ho.