Professor i sosiologi Magne Flemmen peikar på at dei endringane vi ser, er ferske. Norsk Monitor-undersøkinga, som han har fagansvar for, viser til dømes utviklinga frå 2021 til 2023.
På desse to åra har fleire blitt samde i at det er for mykje statleg innblanding i dagens samfunn og at private skular og sjukehus er eit gode. Fleire ønskjer seg også lågare skattar.
Ingen kan vere heilt sikre på kvifor endringane skjer.
– Men magekjensla mi er at det har med dyrtid å gjere. Det er ikkje så rart at folk ønskjer lågare skattar når alt anna blir dyrare. Vi har òg nyleg vore gjennom ein pandemi med sterke inngrep i kvardagslivet til folk, og mange har fått private helseforsikringar, særleg gjennom jobben. Dette kan nok gjere folk meir positive til slike løysingar, seier Flemmen.
Ser ein derimot ting i eit tjue- til førtiårsperspektiv, er oppslutnaden om sosialdemokratisk politikk framleis solid, understrekar han.