fbpx
Kommentar

Ein slapp heiagjeng i regjeringskvartalet

Trine Lise Sundnes (Ap) kritiserer kommentaren min i Samfunnsviteren, der eg tar til orde for betre tilrettelegging for ein fleksibel arbeidskvardag. Sundnes brukar store delar av innlegget sitt på å forklara korleis ho meiner underteikna er meir eller mindre fråkopla røyndomen. Før ho avsluttar med å seie seg samd i tiltaka. Utfordringa er at regjeringa hennar ikkje leverer.

Dette er en kommentar

Den gir uttrykk for debattforfatterens analyser og meninger.

Regjeringa kom med forslag til nye reglar for heimekontor før sommaren. Her er det fleire hôl og manglar. Til dømes blir det ikkje sørga for tilstrekkeleg forsikringsdekning, noko fleire fagforeiningar har kritisert.

Behovet for å ha heimekontor er ikkje likt for alle, og folk lever ulike liv. Dei aller fleste vil framleis gå til ein fast, fysisk arbeidsplass. Anten fordi jobben krev det, eller fordi ein personleg føretrekker det. Andre vil jobbe mest mogleg heimefrå. Arbeidsmiljølova skal famne både bussjåføren, industriarbeidaren og konsulenten i Lånekassa som vil flytte tilbake til heimbygda og jobbe derifrå. At det er mogleg for mange å ta med seg jobben ut av kontoret eller ta ein jobb lengre unna heimen er noko som kan gi ein større arbeidsmarknad, både for bedrifter og einskildmenneske som ønsker seg å ta ein spennande jobb som ligg lengre unna.  Det dreier seg altså om mykje meir enn å klappe PCen opp og ned på bussen.

- Regjeringa kom med forslag til nye reglar for heimekontor før sommaren. Her er det fleire hôl og manglar. Til dømes blir det ikkje sørga for tilstrekkeleg forsikringsdekning, noko fleire fagforeiningar har kritisert.

Det er nettopp derfor vi treng eit regelverk som likebehandlar dei som jobbar på den fysiske arbeidsplassen med dei som jobbar utanfor. Det har vi ikkje i dag. Det er òg ein relativt slapp heiagjeng i Arbeidarpartiet, som manglar både evne og vilje til å tilrettelegga for at folk er forskjellige.

Representanten skriv i kommentaren at ho ønsker at folk skal kunna bu i byen og jobba på bygda eller visa versa. Samtidig som regjeringa Støre i sitt aller første budsjett sørgde for å høvla ned satsinga på arbeidsplasshuber i distrikta. Dersom det er slik at Sundnes heiar på at ein skal få eit meir stedsnøytralt arbeidsliv så har ho ein stor jobb å gjere opp mot eiga regjering.

I Venstre er det fakta, ikkje svogerforsking som ligg til grunn for politikkutviklinga. Det er ikkje slik at forskinga fastslår at ein blir einsam og isolert av eit meir fleksibelt arbeidsliv.  Tvert imot viser dei kartleggingane som er gjort at i Noreg at ønsker 7 av 10 arbeidstakarar at det vert tilrettelagt for heimekontor. Morgondagens bedriftskultur vil mest truleg vere meir prega av digitalisering og hybride arbeidsløysingar enn det vi har i dag. Då må arbeidslivsregelverket følgje etter.