Klaus Mohn har sett seg lei på at stolane på lærarutdanninga ved Universitetet i Stavanger (UiS) står tomme. Han ønskjer seg meir attraktive arbeidsplassar i offentleg sektor for å sikre framtidig rekruttering. Løn må vere ein del av verkemiddelapparatet, ifølgje Mohn.
Han meiner at han talar makta midt imot.
– Regjeringa legg ned stor innsats for å sikre aktivitet i privat næringsliv, gjennom subsidiar og andre støtteordningar. Nyetableringar, investeringar og nye arbeidsplassar i privat sektor blir feira med jubel og applaus, seier Mohn, som er professor i økonomi og rektor ved UiS.
Feilslått, meiner han. Han vil heller at den knappe arbeidskrafta vi har, i større grad skal brukast i offentleg sektor.
– Det er ikkje eksportinntekter Noreg treng. Det vi treng, er 150.000 nye årsverk i helsesektoren innan 2040. Då blir ein slik politikk eit problem.