fbpx
trikk-tendens-ny-aspect-ratio-9-16med filter

Ho er gravid og har bekkensmerter, men berre éin gong har ho opplevd at nokon har reist seg for henne på trikken.

trikk-tendens-ny-aspect-ratio-9-16med filter

Har vi slutta å sjå kvarandre?

Vend blikket

Den personen som ga frå seg setet sitt til Sofie Frøysaa, var ein britisk mann på Noregsferie.

Den aktive samfunnsdebattanten skreiv nyleg om erfaringane sine i eit kommentarfelt. Det skapte medieoppslag. Mange kvinner kontakta henne fordi dei kjende seg att. Nokon hadde reist kollektivt heilt til termindato, framleis ståande.

– Eg trur dette er eit synleg resultat av endringar i tida. Det er «meg først», eller så sit vi der med telefonane våre og ensar ikkje folk rundt oss, seier Frøysaa.

Sofie-Froysaa_foto-Josias-Dein-scaled-aspect-ratio-9-16
Sofie Frøysaa_foto Josias Dein

Komikar og samfunnsdebattant Sofie Frøysaa er overtydd om at det som hjelpte henne ut av vanskane i ungdomstida, var å løfte blikket. – Eg fann noko som var større enn meg sjølv, seier ho. Foto: Josias Dein.

Det flottaste trofeet

Det kan sjølvsagt vere ulike grunnar til at vi ikkje reiser oss. Samtidig er det eit paradoks at vi tilsynelatande strevar med å sjå andre når vi lever i ei tid der ønsket om å bli sett, verkar meir presserande enn nokon gong.

I boka «Ekko» frå 2021 skriv Lena Lindgren at «den som får algoritmene på sin side, vinner oppmerksomhetsøkonomiens høyeste trofé: å bli sett».

Og filosof og forfattar Kaja Melsom påpeika følgjande ved inngangen til 2023: «Mens det pliktoppfyllende gjennomsnittsmennesket var helten på 50-tallet, hyller vi i dag de enestående og spesielle, de som skiller seg ut og blir lagt merke til.»

Har ideala våre endra seg på ein slik måte at vi – i glansen av vår eigen spegel – kan gløyme kvarandre?

Fann noko større

– Eg trur heilt klart at det at vi er meir opptekne av individet, gjer at vi fjernar oss frå fellesskapet rundt oss, seier Sofie Frøysaa.

Sjølvrealiseringsprosjektet har tatt fullstendig av, meiner ho.

– Alt er målstyrt og resultatorientert. I tillegg er samanlikningsgrunnlaget sprengt. Før kunne vi samanlikne oss med dei på same skule, eller kanskje naboskulen. No kan vi samanlikne oss med heile verda. Det gjer at vi alltid kan strekkje oss lenger.

Eg trur heilt klart at det at vi er meir opptekne av individet, gjer at vi fjernar oss frå fellesskapet rundt oss

Frøysaa er utdanna lærar og ga i 2023 ut boka «Alt bra?» saman med mor si. Der fortel dei si eiga historie om langvarig psykisk sjukdom, utanforskap og ufrivillig skulefråver. I dag er ho overtydd om kva som hjelpte henne ut av vanskane.

– Eg fann noko som var større enn meg sjølv, som eg kunne engasjere meg i. Då fekk eg løfta blikket.

Meir «meg», mindre «oss»

At vi i Vesten og Noreg set individet høgt, er langt frå nytt. I 2007 kom ei forskargruppe leia av psykologiprofessor Hilde Eileen Nafstad med ein studie av mediespråket i norsk offentleg debatt frå 1984 til 2005. Dei kunne slå fast at bruken av orda «eg» og «meg» hadde auka mykje, medan bruken av «vi» og «oss» hadde vore stabil.

Samtidig var ord som «solidaritet», «felles», «velferdssamfunnet» og «plikt» sjeldnare å finne, medan «rettar», «valfri» og «fridom til å velje» vart nemnde oftare (orda er omsette frå engelsk, red. anm.).

Forskarane meinte at den globale, kapitalistiske marknadsideologien i stadig større grad gjennomsyra den norske velferdsstaten, og at individualismens inntog gjekk utover kollektive verdiar.

Lite tyder på at trenden har snudd.

Nye høgder i USA

I USA har «seg sjølv først» vore ein av drivarane bak Donald Trumps presidentkampanje. Ein artikkel i magasinet The Atlantic skildrar korleis individualismen i landet har nådd nye høgder og at det kan føre til at fridomen, sjølve grunntanken bak individualismen, er truga.

Heilt sidan 1960-talet har deltakinga i amerikansk organisasjonsliv gått ned. Tillita til institusjonar som media, religiøse organisasjonar og styresmakter har sokke drastisk, og i 2023 var ho rekordlav.

Samtidig brukar amerikanarar langt meir tid åleine enn før.

I Noreg går tidsbruken i same retning særleg blant éi gruppe: Dei mellom 16 og 24 år har om lag 2,5 timar meir åleinetid i døgnet enn i 1990, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB). For dei mellom 25 og 44, er talet om lag 2 timar.

Kanskje skuldast ein del av utviklinga at digital kontakt har overtatt noko av den fysiske kontakta, foreslår Elisabeth Rønning i SSB til NRK.

«Likes» handlar om å høyre til

I ein studie frå 2021 intervjua forskar i psykologi Nina Kavita H. Bahl unge og eldre i byområde i Noreg og India. Tema var fellesskap og fellesskapskjensle.

Ho såg at familiefellesskap betydde mykje, på tvers av livsstadium og kultur.

– Men i begge land såg vi òg at folk blei påverka av ein individualistisk, nyliberalistisk tankegang. Også i det tradisjonelt kollektivt retta India handlar det stadig meir om at den einsame borgar skal klare ting sjølv, seier Bahl, som jobbar ved Klinikk for rus- og avhengighetsmedisin ved St. Olavs hospital.

Nina-Bahl_foto-Vilde-Dyrnes-Ulriksen-scaled-aspect-ratio-9-16
Nina Bahl_foto Vilde Dyrnes Ulriksen

Forskar Nina Kavita H. Bahl meiner at altruismen framleis lever. – Det er lite som slår opplevinga av å gjere noko godt for andre, seier ho. Foto: Vilde Dyrnes Ulriksen.

Likevel: Det å vere del av eit fellesskap er eit grunnleggande behov i mennesket, poengterer ho.

– Eg trur at vi alltid vil søkje etter å høyre til ein stad. Men kvar vi finn eit fellesskap, vil endre seg både med livsfase og kultur.

Ein del finn tilhøyrsle i fellesskap på nett. Der kan det vere lett å avfeie ønsket om å bli likt som eit teikn på at ein er sjølvopptatt, men til sjuande og sist handlar det om noko anna, ifølgje Kaja Hegg, seniorrådgjevar i Redd Barna:

«Mange er veldig opptatte av hvor mange «likes» de får, og dette handler altså ikke om utseendefiksering. Dette handler om tilhørighet, det ha å vennskap,» har ho uttalt.  

Lite slår ei god gjerning

Men kanskje kan det av og til vere lurt å sjå ein annan veg? Fleire sosialpsykologiske studiar har nemleg tyda på at det å sjå andre, og vere til stades for folk rundt seg, er bra, både for omverda og oss sjølve.

Faktisk kan det vere slik at det å glede andre, har ein større effekt på eiga lykkekjensle enn om du prøver å gjere berre deg sjølv lykkeleg.

Nina Kavita H. Bahl har sjølv vore gravid og undra seg over at folk ikkje reiste seg for henne på bussen. Men ho trur det kan ha mange forklaringar.

– Det er fort gjort å skylde på egoisme. Men dei fleste mellommenneskelege fenomen er komplekse, seier ho.

Trass individualismens frammarsj, meiner ho at vi held fram med å gjere gode ting for andre, også folk vi ikkje kjenner.

– Men kanskje er det vanskelegare å få auge på? Dessutan må sjansane vere der. I dag kan vi handle og betale utan å møte eit einaste menneske. Vi kan sleppe inn på treningssenteret ved hjelp av ein app. Det er mange kvardagslege menneskemøte som ikkje er der lenger.

 

Stille i salen

Sofie Frøysaa trur at det å vende blikket utover kan vere nøkkelen til mykje godt.

– Det handlar om å flytte perspektiv: om å tenkje litt meir på kva vi kan gjere for andre, heller enn på kva vi kan gjere for oss sjølve. Klarer vi det, trur eg både at verda kan bli ein finare stad og at vi får det betre i oss sjølve, seier ho.

Ho har halde mange foredrag for skuleelevar. Når ho fortel om mobbinga ho sjølv vart utsett for, bruker ho å seie at det ikkje er mobbarane som er det verste å tenkje på for henne i dag. Det verste er alle som stod passive rundt.

– Min bodskap til elevar er at dei aller fleste er potensielle tilskodarar.

Ho seier ikkje at dei har eit ansvar. Ordet «plikt» bruker ho heller ikkje.

– Eg seier heller at dei har ei kjempemoglegheit. Viss du ser at nokon blir halden utanfor, kan du vere det eine mennesket som utgjer ein stor forskjell. Når eg seier det, blir det alltid stille i salen.

Frøysaa meiner at det er fordi ho da kjem inn på noko eksistensielt.

– Det handlar om å sjå flokken din, om å høyre til. Det ønskjer vi jo, alle saman.