shutterstock_2200784929-scaled-aspect-ratio-9-16Press,Photographer,,Wearing,A,Bulletproof,Vest

Når nøytraliteten må vike

Det er usemje om kva som er god journalistikk i kriser. Nokre journalistar nøyer seg ikkje med å observere, men vil bruke journalistikken til å dytte verda i ei betre retning.

– For oss som jobba i riksavisene på nittitalet og tilhøyrer ironigenerasjonen, sit det langt inne å seie at vi har som mål å gjere verda betre. Men eg likar likevel tanken på å utfordre meg sjølv til å gjere det.

Det seier Torbjørn Ekelund, journalist, forfattar og ein av grunnleggjarane av nettmagasinet Harvest. Hos Harvest finn abonnentane artiklar om natur, om det å vere menneske i vår moderne verd – og om turutstyr. Under fanen «Om Harvest» står eit spørsmål som det er nærliggjande å lese som ein slags formålsparagraf: Hvordan kan vi leve gode liv og samtidig skape en bedre verden?

Torbjorn-Ekelund_Photo_Marte-Garmann-aspect-ratio-9-16
Torbjorn-Ekelund_Photo_Marte-Garmann

Torbjørn Ekelund, journalist, forfattar og ein av grunnleggjarane av nettmagasinet Harvest. Foto: Marte Garmann.

Er det journalistikkens oppgåve å skape ei betre verd? Er ikkje snarare det fremste kjenneteiknet ved god journalistikk at han er objektiv og nøytral, at journalisten er ein upartisk observatør som skildrar verda som ho er?

Ulike tolkingar

Andreas Ytterstad, professor ved Institutt for journalistikk og mediefag ved OsloMet, meiner objektivitetsidealet framleis står støtt hos norske journalistar – og bør gjere det. Men det tyder ikkje at alle er samde om kva objektivitet er.

Allereie i 2011 skreiv Ytterstad ein artikkel basert på intervju med ein handfull journalistar som skreiv om klima. Frå intervjua trekte han ut fire ulike måtar å forstå objektivitet på: Som balanse, som spegling av opinionen, som nøytralitet, og som å søke etter sanning.

– Mange journalistar seier at objektivitet finst jo ikkje: I den augneblinken du veljer kva du skal skrive om eller korleis du vinklar det, så har du teke stilling. Men når journalistar skal forsvare det dei gjer, tyr dei til objektivitetsidealet likevel, seier han.

 

ytterstad-andreas_-foto-oslomet-scaled-aspect-ratio-9-16
ytterstad andreas_ foto oslomet

Professor ved Institutt for journalistikk og mediefag ved OsloMet, Andreas Ytterstad. Foto: OsloMet.

Ytterstad gjorde undersøkinga fordi han var interessert i å vite om klimasaka hadde endra korleis journalistar tenkte om objektivitet. Dette var ein periode då klima var høgt på agendaen. Likevel fann ikkje Ytterstad noka sterk støtte til journalistikk som tok stilling i klimasaka. Forutan intervjua laga han ei spørjeundersøking som 143 norske journalistar svara på. Berre to av dei var samde i påstanden «Journalistar bør ta klart stilling i klimadebatten». Langt dei fleste kryssa av for «Journalistar bør alltid søke ei balansert fremstilling og aldri markere eigne synspunkt».

Fryktar for tilliten

Mykje har skjedd sidan den gongen, men heller ikkje no ser vi noka sterk utvikling vekk frå eit ideal om objektivitet, meiner Ytterstad. Han viser til ei fersk bok om klimajournalistikk, Att lata världen få veta, av dei to svenske klimajournalistane Alexandra Urisman Otto og Lisa Röstlund.

– Dei skriv at journalistar bør ta klimaaktivistar meir på alvor som viktige kjelder og ikkje gå med på å demonisere dei slik vi har sett døme på dei seinare åra. Men dei forsvarar likevel journalistikken som journalistikk og ikkje som aktivisme, seier Ytterstad.

Han trur det botnar i journalistars frykt for at publikum skal miste tillit til journalistikken.

– Ordet aktivisme er vondt og vanskeleg, og det vil journalistar helst unngå. Lesaren og sjåaren skal sjølv trekke sine eigne konklusjonar, journalisten skal ikkje leie dei dit.

Sjølv meiner han objektivitetsidealet er viktigare enn nokon gong, forstått som å søke etter sanning.

Då Reuters-instituttet for journalistikkstudiar i fjor undersøkte kva faktorar som er viktige for at folk skal stole på eit medium, fann dei overraskande stor semje på tvers av land: Det aller viktigaste er openheit om korleis journalistikken blir produsert. Deretter la folk vekt på i kva grad mediet held «høg journalistisk standard», om det representerer «folk som meg» på ein rettvis måte, og om det har slagside eller er objektivt. Samstundes tykte folk også det var viktig at mediet delte deira eigen verdiar. Dei som oppga å vere interesserte i politikk, hadde mykje høgare tillit til media generelt, enn dei som ikkje var interesserte.

Ordet aktivisme er vondt og vanskeleg, og det vil journalistar helst unngå. Lesaren og sjåaren skal sjølv trekke sine eigne konklusjonar, journalisten skal ikkje leie dei dit.

Endring gjennom kjensler

Då Harvest vart etablert i 2013, var tanken å finne måtar å skrive om natur, miljø og forbruk på, som var annleis enn det dei var vande med frå dagspressa, fortel Torbjørn Ekelund.

– Skal du berre skrive såkalla objektiv journalistikk om slikt som miljø- og naturkrisa, så kjem du ikkje langt, seier han.

– Då endar du fort i den klassiske «ekspertar seier at». Og vi er jo ikkje motstandarar av å spørje ein gaupeekspert om korleis det står til med den norske gaupebestanden, men det er ein komponent av kjensler, som må få rom dersom ein vil skape endring eller engasjement. Og det må skje gjennom tekstar som tek omsyn til opplevingar og erfaringar. Slik tenkte vi.

Så kvar går grensa mellom journalistikk som vil skape endring, og aktivisme? For Ekelund handlar det mykje om å gjere det tydeleg kva type artikkel lesaren får servert.

– Vi passar på å signalisere kva journalistisk sjanger artiklane våre tilhøyrer. Vi kan nok tillate oss å gå lenger i subjektive reportasjeelement enn mange andre, men vi har framleis eit objektivitetsideal i den forstand at når vi påstår noko, så skal vi kunne dokumentere at det er sant, seier han.

Lesarane responderte godt på Harvest-journalistikken i åra etter etableringa. Sidan har andre saker enn klima- og naturspørsmål blitt viktigare, og no merkar Harvest-redaksjonen at det er vanskelegare å hevde seg i kampen om folks merksemd.

– For fem-seks år sidan var det lettare å få lesarar til ei sak om naturøydeleggingar enn det er no. Det ser vi på som ei journalistisk utfordring: Dersom vi framleis meiner det er viktig, må vi finne måtar å formidle det på som gjer at folk vil lese det vi skriv, seier han.

 

shutterstock_1612406998-scaled-aspect-ratio-9-16
2020-01-10,Madrid/spain.,Climate,Protest,Concentration,Before,The,Australian,Embassy,In

Illustrasjonsfoto: Klimaprotest foran den australske ambassaden. En journalist fra Europa Press intervjuer en av demonstrantene. Foto: Fotokalua.

Transformasjon

Journalistikk som vil noko, har lange tradisjonar under ulike namn, fortel Andreas Ytterstad. For eit par år sidan foreslo tyske forskarar omgrepet «transformative journalisms» om nye trendar innanfor journalistikk der journalistar eksplisitt prøver å bidra til sosial og økologisk «transformasjon» av samfunnet.

– Dei meiner å spore ein tendens til journalistikk som vil endre verda gjennom journalistikken, fordi journalistane ser at samfunnet ikkje responderer på krisene med det alvoret som trengst, seier Ytterstad.

Dei tyske forskarane skriv at «transformative journalisms» går vekk frå objektivitetsidealet forstått som nøytral og distansert observasjon, men legg til gjengjeld stor vekt på at fakta skal vere korrekte og dokumenterbare, og at ein skal vere opne om kva verdiar ein står for og korleis ein vel kva ein vil skrive om.

Journalisten eller ingen

Ein annan tyskar, journalisten Uwe H. Martin, har utvikla sin eigen metode med nesten same namn: Transformation journalism. Som ung reiste han mykje rundt i verda og livnærte seg på småjobbar. Han vart interessert i fotografi og utdanna seg til fotojournalist. Erfaringane frå reisene omsette han i eigne journalistiske prosjekt om tema han meinte fortente merksemd, slik som dei sosiale og økologiske konsekvensane av industrielt landbruk. Men prosjekta førte ikkje til positiv endring for dei han omtala.

Så ein dag, i Mombasa i Kenya, møtte han den lokale fotografen Aggrey Mboya Kharondo.

– Han levde av å banke på dørene i nabolaget sitt og tilby seg å ta bilete av folk. På den måten tente han akkurat nok til å fø familien sin, og dessutan halde skule for ungane i nabolaget.

Uwe_H_Martin-by-Frauke-Huber_HighRes-scaled-aspect-ratio-9-16
Uwe_H_Martin-by-Frauke-Huber_HighRes

Journalist Uwe H. Martin. Foto: Frauke HuberHighRes.

Kharondo fortalde at den store draumen hans var å skaffe seg eit digitalt kamera og ein liten printer. Då ville han kunne fotografere turistane på stranda i staden, og tene opp mot ein euro per bilete. Det ville sette han i stand til å gje skuleborna eit grautmåltid kvar morgon. Mange av dei åt berre ein gong om dagen, seier Martin.

Han skreiv og publiserte historia i Tyskland. Og folk byrja ta kontakt og tilby seg å donere utstyr og pengar.

– Det fanst ingen organisasjon som kunne hjelpe, eg var den einaste som kunne gjere noko i den situasjonen. Eit år seinare hadde vi nok pengar til å løne fire lærarar. No har hundrevis av born fått skulegang der. Det var første gong eg såg at eg kunne endre noko fordi eg var journalist, fortel han.

Set nettverket i arbeid

Kjernen i Martins «transformation journalism» er at journalistar som arbeider innanfor eit visst felt, med tida kan få ei unik innsikt i feltet. Dei snakkar med kjelder som har ulike bitar med relevant informasjon, men som kanskje aldri møter kvarandre.

– Men dersom eg gjer jobben min som journalist, kan eg bringe dei saman virtuelt, i ein artikkel eller film. Så kvifor ikkje bringe dei saman i røynda? Journalistar er gode til å hente ut og syntetisere informasjon og idear. Derifrå og til å hjelpe sosiale endringsprosessar i gang, er ikkje eit kjempelangt steg, seier han.

Men Martin planlegg ikkje sine journalistiske prosjekt ut frå eit ønske om å forandre. Hans transformasjonsjournalistikk er noko som kan oppstå når journalisten ser tilbake på eige arbeid, og oppdagar moglegheiter som kan utnyttast i materialet og nettverket han har samla seg. Nett no er det Saltonsjøen i California som opptek han: Det er ein salthaldig innsjø som er blitt sterkt forureina og no er i ferd med å tørke inn. Martin og partnaren Frauke Huber har følgt utviklinga i mange år.

– No held eg på med forteljingar om innovatørar som brukar saltvatn til å drive ørkenjordbruk. Det kan sjølvsagt slå heilt feil, men eg vil finne dei folka som veit mest om slikt, bringe dei saman og arbeide saman med lokalsamfunnet her om å tenkje nytt om jordbruk under slike forhold. Det veks ut av journalistikken, og gjev tilbake til journalistikken, seier han.

Er det aktivisme? For Martin går grensa når ein blir så overtydd om at ein sit på den rette løysinga, at ein ikkje lenger oppsøker informasjon som kan korrigere meiningane ein har.

– Då har du slutta å vere journalist. Eg trur ikkje objektivitet er mogleg, men eg trur det er verdfullt å strekke seg mot det som eit ideal. For meg vil det seie at eg vil snakke med så mange som råd, og la ny informasjon få påverke standpunkta mine.

 

Uwe_H_Martin-by-Dennis_Dimick_HighRes-scaled-aspect-ratio-9-16
Uwe_H_Martin-by-Dennis_Dimick_HighRes

Kjernen i Martins «transformation journalism» er at journalistar som arbeider innanfor eit visst felt, med tida kan få ei unik innsikt i feltet. Foto: Dennis Dimick HighRes

Løysingar – og glede

I Noreg har løysingsorientert journalistikk gjort inntog under nemninga konstruktiv journalistikk. Det er saker som ikkje nøyer seg med å skildre eit problem, men også peikar mot moglege løysingar – men utan å gå så langt som å leggje til rette for at løysingane kjem i stand.

– Mange klimajournalistar føler behov for å vere konstruktive, men samstundes gjer kravet om å søke sanning at ein ikkje kan gå for langt. Ein kan ikkje lage solskinshistorier når realitetane ikkje støttar dei. Norsk konstruktiv journalistikk handlar typisk meir om den eine gründeren som har fått til noko, det handlar ikkje om å endre samfunnet, seier Andreas Ytterstad.

Han meiner også klimajournalistar er forsiktige med å vere for konstruktive, av frykt for å gå på tvers av den delen av objektivitetsidealet som seier at ein skal spegle opinionen – og den norske opinionen er meir klimaskeptisk enn i mange andre land.

For Torbjørn Ekelund heng det å gjere verda betre, saman med det gode i livet.

– Eg tykkjer fuglar er kjekt, og har ofte lagt merke til at den vanlege pressa berre skriv om fuglar når dei er utryddingstruga. Men i Harvest skal vi ikkje berre skrive om ting som er i ferd med å forsvinne. Vi prøver å skrive om gleda. Eg meiner det er ei veldig viktig side, og ein viktig grunn til at mange les Harvest. Det skal vere ein god stad å vere, journalistisk. Eg trur vi har gjort noko bra der.