fbpx
Nyheter

Kan offentlig sektor bere oss inn i framtida?

Regjeringa har forvilla seg i ei satsing på eksport og grønt industriløft, meiner universitetsrektor Klaus Mohn. Sats heller på offentlege tenester, oppmodar han.

Klaus Mohn har sett seg lei på at stolane på lærarutdanninga ved Universitetet i Stavanger (UiS) står tomme. Han ønskjer seg meir attraktive arbeidsplassar i offentleg sektor for å sikre framtidig rekruttering. Løn må vere ein del av verkemiddelapparatet, ifølgje Mohn.   

Han meiner at han talar makta midt imot.  

– Regjeringa legg ned stor innsats for å sikre aktivitet i privat næringsliv, gjennom subsidiar og andre støtteordningar. Nyetableringar, investeringar og nye arbeidsplassar i privat sektor blir feira med jubel og applaus, seier Mohn, som er professor i økonomi og rektor ved UiS.  

Feilslått, meiner han. Han vil heller at den knappe arbeidskrafta vi har, i større grad skal brukast i offentleg sektor.  

– Det er ikkje eksportinntekter Noreg treng. Det vi treng, er 150.000 nye årsverk i helsesektoren innan 2040. Då blir ein slik politikk eit problem.   

Klaus Mohn

– Det er ei vanleg oppfatning at privat sektor skaper verdiar og at offentleg sektor brukar dei. Men realiteten er at det blir skapt store verdiar også i offentleg sektor, seier Klaus Mohn, rektor ved Universitetet i Stavanger. Foto: UiS/Marie von Krogh

Prisen på ein barnehagetilsett

Er det faktisk sånn at vi kan la næringslivet vente og heller satse offentleg i åra som kjem?  

Det kjem an på kven du spør. Aksjon Borgerlig Valgseier har den siste tida drive eit hardkøyr mot formueskatten. I kampanjen peikar dei på ein nedgang i sysselsettingsveksten i norsk næringsliv og kallar dagens politikk «næringsfiendtlig».  

Dei teiknar også eit bilete av at Mor Norge sine omsorgsevner er avhengige av næringslivet. Derfor kan ikkje dei fleste nye arbeidsplassane vere offentlege, ifølgje aksjonen:

«De offentlige tjenestene – og lønningene – må jo betales for. For å finansiere én barnehageansatt trengs skatteinntektene fra tre ansatte i privat sektor.» 

Barnehage på tur

"For å finansiere én barnehageansatt trengs skatteinntektene fra tre ansatte i privat sektor", ifølgje Aksjon Borgerlig Valgseier. Foto: Illustrasjonsbilde/Shutterstock

Hurra for 600 milliardar ekstra

Ifølgje Klaus Mohn er det ei vanleg oppfatning at privat sektor skaper verdiar og at offentleg sektor brukar dei.   

– Men realiteten er at det blir skapt store verdiar også i offentleg sektor. Så lenge du og eg vil ha utdanning og helsetenester og er villige til å betale skatt for å få det, er dette den verdien som skapast i offentleg sektor, seier han.  

Greitt, nok. Men kan vi leve av skatt åleine?  

Heldigvis har vi Oljefondet.   

– Oljefondet er på 20.000 milliardar kroner. Med 3 prosent avkasting, kan vi bruke 600 milliardar kroner kvart år som ikkje har opphav i ordinær økonomisk aktivitet. Då må våre samla ressursar innrettast slik at dei løyser dei behova vi har. Viss behova hopar seg opp i offentleg sektor, er det der vi må bruke arbeidskraft.  

– Er det ikkje litt risikabelt å setje si lit til Oljefondet åleine?  

– Tja, eg er ikkje så sikker på at det er meir risikabelt enn å setje lita si til næringslivet, seier Mohn, som meiner at auka produktivitet i helse- og omsorgssektoren, slik Helsepersonellkommisjonen har skissert, kan opne for høgare lønningar.  

– Men realiteten er at det blir skapt store verdiar også i offentleg sektor. Så lenge du og eg vil ha utdanning og helsetenester og er villige til å betale skatt for å få det, er dette den verdien som skapast i offentleg sektor,

Vil folk akseptere ein skatteauke?

Steinar Holden, professor i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Oslo, peikar på at forholdet mellom offentleg og privat også handlar om politiske val.  

– Viss vi vil, kan vi auke det offentlege tenestetilbodet slik at det utgjer ein større del av økonomien. Men da må vi samtidig auke skattenivået, slik at utgiftsauken kan finansierast. Det er usikkert om folk flest er villige til å akseptere ein slik skatteauke. 

For mange typar tenester vil det også vere politisk usemje om kor vidt tilbydarane bør vere offentlege eller private, legg han til.  

– Kan vi i Noreg klare oss utan særleg meir satsing på næringslivet, sidan vi har Oljefondet?  

– Oljefondet er stort, men inntektene derifrå kan likevel berre dekke ein liten del av behova våre framover, påpeikar Holden.  

Han legg fram eit reknestykke: Oljefondet er omtrent fem gonger så stort som bruttonasjonalproduktet (BNP) frå Fastlands-Noreg. Vi bruker berre avkastinga. Viss vi får tre prosent avkasting, vil det svare til 15 prosent av fastlands-BNP. Etter kvart vil talet bli redusert fordi økonomien veks meir enn fondet.  

Steinar Holden

– Oljefondet er stort, men inntektene derifrå kan likevel berre dekke ein liten del av behova våre framover, seier professor i samfunnsøkonomi Steinar Holden. Foto: Silje Pileberg

Barnehagetilsette er meir enn ein utgiftspost

Holden kjøper likevel ikkje påstanden om at det trengs tre tilsette i privat sektor for å finansiere éin barnehagetilsett.  

– Ein kan også seie at éin barnehagetilsett kan gjere at mange arbeidstakarar kan komme på jobben i staden for å vere heime og passe barn. I samfunnet er alle avhengige av kvarandre. Dessutan trur eg jo også at barnehagetilsette betaler skatt.  

Eit generelt prinsipp er at offentlege utgifter må sjåast i samanheng med offentlege inntekter, påpeikar han. Men på grunn av Oljefondet er dette akkurat no viktigare i ein del andre land enn Noreg.   

Likevel: Noreg har eit rekordhøgt offentleg forbruk.  

– Det som er ei problemstilling, er om vi brukar pengane på ein god måte. Vi har for tida stramme offentlege budsjett, og det kan vi også vente oss i åra framover, seier Holden.  

– Det som er ei problemstilling, er om vi brukar pengane på ein god måte. Vi har for tida stramme offentlege budsjett, og det kan vi også vente oss i åra framover.

Meiner næringslivet må få hjelpe til

Korleis løyser vi utfordringane vi har framfor oss? Steinar Juel støttar ideen om høgare lønningar for å få rekruttert nok folk i helsesektoren. Samtidig påpeikar han at offentleg sektor også kan kjøpe private tenester på vegne av deg og meg.  

– Då vil vi få meir fleksibilitet, og vi vil få stimulert meir konkurranse og kreativitet enn viss offentleg sektor skal drive alt åleine, seier Juel, som er samfunnsøkonom i tenketanken Civita.   

Offentleg sektor er avhengig av offentlege budsjett og må jobbe innanfor meir stivbeinte regelverk, poengterer han.   

– Det gjer det vanskeleg å snu seg rundt når eit behov oppstår.   

Steinar Juel

Steinar Juel, samfunnsøkonom i Civita, meiner at privat sektor må få hjelpe til å løyse utfordringane i helsesektoren. Foto: CF-Wesenberg/kolonihaven.no

Hos Klaus Mohn kjem svaret kjapt:  

– Eg er samd i at deregulering, handlefridom og fleksibilitet er viktig for offentleg sektor. Men viss den offentlege tenesteytinga ikkje klarer å levere godt nok, vil ei privatisering eller delprivatisering presse seg fram, seier han og legg til: 

– Om ein ønskjer å demme opp mot ei slik utvikling, blir det desto viktigare å legge til rette for attraktive arbeidsplassar i det offentlege.