fbpx
Nyheter

Når bøkene blir viktigare enn livet

Stadig fleire tar mastergrad. Medisinprofessor og hjerneforskar Per Brodal rår studentar til å stoppe opp undervegs.

Kjetil B. Alstadheim var 21 år då han gjekk inn døra til Klassekampens redaksjon for første gong. Året var 1990, og han hadde fått sommarjobb.

Eitt år seinare var jobben fast. Han sa farvel til Universitetet i Oslo, der han hadde fått med seg eit år med i idéhistorie.

– Det var redaktør Sigurd Allern som øydela den akademiske karrieren min.

Men det gjekk bra: Alstadheim vart ein av Noregs mest profilerte kommentatorar og er i dag politisk redaktør i Aftenposten. Sigurd Allern, på si side, vart professor i journalistikk.

kjetil_alstadheim_foto_astrid_waller

Då Kjetil B. Alstadheim var ung journalist, vart han kasta utpå. – Det lærte eg mykje av, seier han i dag. Foto: Astrid Waller.

Ein illusjon om djupare kunnskap

Talet på personar som tar høgare utdanning, har auka lenge. Det same har talet på studieplassar på masternivå. I år søkte rundt dobbelt så mange på toårig master som for ti år sidan, ifølgje ei kartlegging gjort av NRK. Det blir snakka om «mastersjuke» og «masterpress».

Er det i det heile tatt mogleg å få jobb utan mastergrad lenger? Og mistar vi noko viss vi går rett frå bachelor til masterutdanning?

Per Brodal, professor emeritus i medisin og ekspert på sentralnervesystemet, er positiv til utdanning men kritisk til at studentar går rett på masterutdanning utan å vere motiverte.

– Den store faren er at vi får mange med ein illusjon om at dei har djupare kunnskap, medan dei i røynda ikkje har det, seier han.

 

Brodal-fotograf-er-journalisten-scaled-aspect-ratio-9-16
Brodal, fotograf er journalisten

Utan praktisk erfaring risikerer du å kome ut av studiet med hovudet fullt av fragmentert kunnskap, ifølgje Per Brodal. Foto: Silje Pileberg.

Skal vi lære, må vi oppleve ting som viktig

Gjennom mange år med forsking, har Brodal fatta ei spesiell interesse for læring.

– Grunnlaget for all læring er at det blir oppretta nye baner mellom ulike nerveceller i hjernen, seier han.

For at dette skal skje, må enkeltcellene få to typar signal. Det eine er det presise, den faktiske kunnskapen. Det andre er eit signal som fortel deg at informasjonen er viktig for det du vil, til dømes å bli ein god lærar eller handverkar.

– Det er på dette siste punktet at lærarar har si store utfordring, nemleg å få elevar til å sjå at det dei skal lære, har noko med deira eigne mål og ønske å gjere.

Gjorde endringar i medisinstudiet

Ifølgje Brodal er det større sjanse for at vi opplever noko som viktig i ein praktisk situasjon enn i ein teoretisk. Derfor har han tidlegare argumentert for ein meir praktisk retta grunnskule i Noreg.

Ved Universitetet i Oslo var han på 1990-talet ei drivkraft for å endre medisinstudiet i ei meir praktisk retning. Nokon kalla endringane ein revolusjon.

– Det eg ønska å få til, var ikkje å gjere studentane gryteferdige slik at dei kunne alle handgrep og prosedyrar. Men eg ville at dei skulle ha så mykje praksis at dei forstod vitsen med teorien, seier Brodal.

Den amerikanske historikaren Daniel J. Boorstin sa ein gong at den største hindringa for ny kunnskap ikkje er fåkunne, men illusjonen av kunnskap. Brodal spør seg om dette kan bli resultatet når mange av oss i dag går 18 år på skule nesten utan å stoppe opp.

– Ofte er det dei som kjenner eit felt svært godt, som er mest audmjuke.

Ein del av bekymringa hans botnar i at mange tidlegare høgskular i dag er universitet. Forskingserfaring blir vekta tyngre i tilsetjingsprosessar, noko som kan bety at førelesarane har mindre praktisk erfaring. Brodal fryktar at dette kan forringe kvaliteten både på mastergrader, doktorgrader og anna forsking.

shutterstock_1246504651-scaled-aspect-ratio-9-16
Seminar,Audience,In,Training,Room,Watch,Presentation.,Speaker,In,Meeting

Stadig fleire tar mastergrad. Medisinprofessor og hjerneforskar Per Brodal rår studentar til å stoppe opp undervegs. Foto: Life and Times/shutterstock.

Lærte av å få ansvar

Kjetil B. Alstadheim er ikkje den som hiv påstandar rundt seg. «Dette finst det sikkert statistikk på,» seier han fleire gonger. Denne audmjukheita har han truleg tileigna seg andre stader enn på universitetet.

– Altså, eg trur ein kan få mykje ut av å studere, både bachelor, master og doktorgrad. Men for min del kom eg inn i ei avis med små ressursar og høge ambisjonar. Eg vart kasta utpå. Det lærte eg mykje av, seier han.

Han har også vore omringa av vekttal og studiepoeng, fortel han.

– Eg har berre kunna suge til meg. I dag opplever eg at eg har ganske mange studiepoeng i samfunnsøkonomi!

Om det ville vere mogleg å få fast jobb i ei riksavis i dag, med berre eitt års høgare utdanning?

– Det synest eg er vanskeleg å seie. Eg har jo sett eksempel på at folk har kome eit stykke i utdanninga og så gått inn i arbeidslivet. Her burde ein hatt nokon tal å sjå på.

Mindre gull blant gråsteinane?

Eks-redaktør i Klassekampen Sigurd Allern seier det slik:

– Det er langt fleire enn før som tar høgare utdanning. Sjansen for at arbeidsgjevarar skal finne mykje gull blant det som ser ut som gråstein, har nok blitt mindre. Dei som kjem utan utdanning, men med imponerande praksis, vil jo nærmast vere kjende fordi dei har gjort noko stort på førehand.

allern-sigurd-hoyopploselig-bilde-aspect-ratio-9-16
allern-sigurd-hoyopploselig-bilde

Sigurd Allern, professor i journalistikk og tidligere redaktør i Klassekampen. Foto: Universitetet i Oslo.

Likevel held han fast på det han meinte den gongen han tilsette Alstadheim:

– Utdanning er vel og bra, men det blir heilt feil å stille formaliserte krav i journalistikken. Der krevst det mange typar kompetansar og livserfaringar.

Eit raskt søk på stillingsannonsar tydar på at mange som skal tilsetje journalistar, framleis tenkjer som Allern. Fleire nemner ikkje utdanning i det heile tatt. Annleis er det i den nærliggande kommunikasjonsbransjen – her blir utdanning ofte nemnt. Mastergrad blir etterspurt særleg i ein del statlege utlysingar.

Lite motivasjon? – Finn deg ein jobb

Per Brodal har sjølv brukt tallause timar på å lese teori. Men han åtvarar mot ein trend han synest å sjå, og som også den canadiske forskarlegenda Ursula Franklin åtvara mot i boka The Real World of Technology: der ein devaluerer erfaring og glorifiserer ekspertise og abstrakt kunnskap.

– Erfaring er essensielt for mennesket, og det bør vere eit utgangspunkt for å tileigne seg teori. Utan erfaring risikerer ein å komme ut av studiet med hovudet fullt av fragmentert kunnskap.

Brodal rår ferdige bachelorstudentar til å få seg nokre år med arbeidserfaring før dei går vidare med utdanning – iallfall viss dei kan, og viss motivasjonen til vidare studiar ikkje er på plass. Då vil det spire og gro i sentralnervesystemet. Du vil få haugevis med knaggar som du seinare kan feste ny teori på.

– Målet med utdanning må jo vere at vi blir betre i stand til å setje oss inn i ting, til å analysere og sjå ting i samanheng – og at vi blir meir audmjuke overfor kor lite vi faktisk veit og forstår.