Regjeringa kom med forslag til nye reglar for heimekontor før sommaren. Her er det fleire hôl og manglar. Til dømes blir det ikkje sørga for tilstrekkeleg forsikringsdekning, noko fleire fagforeiningar har kritisert.
Behovet for å ha heimekontor er ikkje likt for alle, og folk lever ulike liv. Dei aller fleste vil framleis gå til ein fast, fysisk arbeidsplass. Anten fordi jobben krev det, eller fordi ein personleg føretrekker det. Andre vil jobbe mest mogleg heimefrå. Arbeidsmiljølova skal famne både bussjåføren, industriarbeidaren og konsulenten i Lånekassa som vil flytte tilbake til heimbygda og jobbe derifrå. At det er mogleg for mange å ta med seg jobben ut av kontoret eller ta ein jobb lengre unna heimen er noko som kan gi ein større arbeidsmarknad, både for bedrifter og einskildmenneske som ønsker seg å ta ein spennande jobb som ligg lengre unna. Det dreier seg altså om mykje meir enn å klappe PCen opp og ned på bussen.
Ein slapp heiagjeng i regjeringskvartalet