I forskinga på korleis ein kan få folk til å endre åtferda si til å bli meir berekraftig, har Ditlev-Simonsen vore med på eit større prosjekt som ser på det i lys av lukkeforskinga.
– Om alle i verda levde som oss, hadde me trengt fire-fem planetar, altså må me vere innstilt på reduksjon ein plass for å bli berekraftige. Men gjer lavt forbruk oss deppa?
Funna viser at sjølv om forbruket vårt har fleirdobla seg sidan på 90-talet, har me ikkje blitt lukkelegare. Så høgare levestandard gjer ein ikkje nødvendigvis lukkelegare. Og når ein ser på kva folk sjølv meiner lukke inneber, er det helse og familie dei ofte fokuserer på, ikkje ting, lange reiser eller høg levestandard. Men me må kanskje lære oss å vere litt mindre komfortable.
– Me må bli komfortable med å vere litt meir ukomfortable, seier Ditlev-Simonsen.
Vel ein berekraftig, kan mange tru at produkta er dårlegare, at livskvalitet blir dårlegare, og nokre gonger er de også slik.
– Papirsugerøyr er ikkje like gode som plastsugerøyr. Å ete med trebestikk i staden for plast kan gjere ein redd for å få flis i munnen. Å reise kollektivt kan vere mindre praktisk enn med privatbil. Meir kjeldesortering og redusert forbruk er det mange som ikkje ynskjer. Det er ting det ikkje er så populært å snakke om, ein vil heller fokusere på vekst, ikkje reduksjon. Men til sjuande og sist må me innsjå at me ikkje kan reise og bidra til utslepp av klimagassar på same måte som før, til dømes. Det er ikkje morosamt å lese dette, og det er ei utfordring å få formidla det på ein ålreit måte, seier Ditlev-Simonsen.
Samstundes er stadig auka forbruk ikkje berre dårleg for miljøet, men kan også vere det for individ.
– I dag gir betre råd til dømes til at ein et meir, som igjen kan medføre dårleg helse. Fedme og andelen vaksne som er overvektige i Noreg har auka dei siste 30 åra. 25% av mellomaldrande menn og 20% av kvinner har fedme. Nokre brukar auka fritid til meir fysisk aktivitet, mens for andre blir det heller meir spel og TV-seriar frå sofakroken.