«Den som är väldigt stark, måste också vara väldigt snäll,» sa Pippi Langstrømpe.
Eller sa ho eigentleg det? Kanskje sa ho heller:
«Anyone who is very strong must also be very kind.»
Mens nokon historier lever evig, er språka rundt oss stadig i endring. Student og tidlegare leiar i Lektorstudentene Anne Aurora Ekeland Bjørkly meiner at norske studentar no forstår svensk og dansk så dårleg at bruken av desse språka i undervising på universitet og høgskolar bør revurderast.
Ho oppmodar til ein språkpolitikk der lærestadene blir tilrådde å prioritere norsk – og eventuelt engelsk.
– Sjølv har eg vakse opp med både svenske og danske tv-program, og sånt hjelper på språkforståinga. Men på studiet har eg venner som såg Pippi dubba på engelsk, og som slit veldig når pensumbøkene er på svensk og dansk, seier ho.



