Nyheter

Skildringar på randa

Ved Universitetet i Bergen skal litteraturforskarar dei neste tre åra studere skildringar av menneske i utsette situasjonar. Studiar av samtidslitteraturen kan nemleg gi oss viktige innsikter om utanforskap.

Mange av livsskjebnane i samtidslitteraturen er prega av ei laus tilknyting til arbeidslivet og eit trøblete forhold til velferdsstaten. Kvifor rettar forskarane fokus mot desse karakterane, og kva kan kome ut av slike studiar?

Ein del av verkelegheita

–Litteraturen er ein del av verkelegheita. Han er ikkje berre eit kunstnarisk bilete, seier professor Christine Hamm, som leier det nye prosjektet Velferd under gransking: Prekært liv i norsk samtidslitteratur.

Svaret hennar kjem på spørsmålet om det dei studerer i samtidslitteraturen, er trekk vi også finn i samfunnet rundt oss. Poenget til Hamm er at litteraturen er relevant og spelar direkte inn i samfunnsutviklinga. Mykje av det som kjenneteiknar velferdsstaten, er reformer som har kome i kjølvatnet av litterære skildringar. Eit eksempel er barnelovene frå 1915, som kom etter eit massivt forarbeid av forfattarar som skildra dei grelle tilhøva for ugifte mødrer og barn født utanfor ekteskap.

Christine-Hamm21-scaled-aspect-ratio-9-16
Christine Hamm

Professor Christine Hamm leier det nye prosjektet Velferd under gransking: Prekært liv i norsk samtidslitteratur. Foto: Privat.

–Vi meiner at litteraturen er relevant, og at litteraturforsking bør understreke denne relevansen, seier Hamm. I svaret ligg ei forståing av at litteraturen kan hjelpe oss å oppdage blindsoner i velferdsstaten, og seie noko om kvifor nokre av dei som slit, ikkje søker hjelp, men heller fryktar institusjonar som er tenkt å hjelpe.

«Prekært liv» er nytta i tittelen til det nye forskingsprosjektet, og omgrepet «prekariat» er det første Hamm nemner når ho skal fortelje om bakgrunnen for det ferske prosjektet ho leier. «Prekariat» er sett saman av orda prekær og proletariat, og sjølv om det vart nytta av franske sosiologar i 1980-åra, er det Guy Standing og boka Prekariatet: Den nye farlige klassen frå 2011 som har ført omgrepet inn den større samfunnsdebatten. Omgrepet vert gjerne nytta om folk i korttidskontraktar som vekslar mellom arbeid og trygder, men utan at nokon av tilstandane er varige. Standing skildrar den globale framveksten av ei klasse med utryggleik, angst og stress, og det «prekære livet» forskarane no skal i studere i titlar som Stargate: en julefortelling og Da vi var yngre, kan lesast inn i ei slik samfunnsutvikling.

I konflikt med velferdsstaten

Ein direkte forløpar til det norske prosjektet er eit tidlegare nordisk prosjekt, der skildringar av arbeidsmarknad og sosial utryggleik vart studert i lys av prekariat-omgrepet. Hamm er ein del av dette prosjektet, og særleg i skildringar av møte med velferdssystema såg ho rom for vidare forsking:

I den norske barne- og ungdomslitteraturen dukkar representantar frå skule, barnevern og politi gjerne opp i konfliktar med dei yngre og prekære, fortel Hamm.

Kvifor er det slik? er eit av spørsmåla forskarane stiller seg. Korleis forskar dei så på tekstane, for å kome vidare frå desse spørsmåla?

–I første omgang er det ei kartlegging. Kven er desse menneska som vert skildra, og korleis tenkjer dei om situasjonen sin? Her kan litteraturen gjere noko anna enn andre vitskapar, som sosiologien, seier Hamm. Ho meiner litteraturen kan skildre kjensler og tankar som sosiologisk forsking gjerne ikkje får tak i. På denne måten kan litteraturstudiar hjelpe oss å sjå blindsoner og forstå kor kompleks velferdsstaten er.

–Forfattarar kan tenke seg korleis situasjonen er, og grunnen til at bøker med desse skildringane vert lesne, er at det er gode skildringar som lesaren kan kjenne att, seier Hamm. Det er altså ikkje slik at litteraturen og skildringane i denne er noko som er klart avgrensa frå den verda vi lever i:

–Sjølv om det er fiksjon, så tenkjer eg at den språkelege verda vi er i og den verda litteraturen skaper, er den same. Forfattaren kan skape eit språk til situasjonar, som utvidar forståinga også til dei som står i liknande situasjonar, seier Hamm.

Hovudverktyet til forskarane i desse studiane er klassiske litteraturvitskaplege metodar, som nærlesing av bøkene.

–Når vi spør kvifor det er så mange barn som ikkje vil samarbeide med barnevernet i desse bøkene, så kan skildringane få oss til å tenke rundt dette. Det er ikkje absolutte sanningar, men seier korleis barn kan tenke rundt dette.

Prekariatet i norsk arbeidsliv

I det litterære forskingsprosjektet står «prekært liv» under gransking, med ein klar referanse til det framveksande «prekariatet» som Guy Standing har skildra. Passar dette omgrepet på utviklinga vi ser i norsk arbeidsliv?

Historikar og arbeidslivsforskar Trond Holmen Erlien er klar på at det i dag er fleire folk i Noreg som har ei lausare arbeidstilknyting enn om vi samanliknar med situasjonen for eit par tiår sidan.

–Vi kan også seie heilt sikkert at det er fleire som statistisk står utanfor arbeidslivet, sjølv om det kan vere ulike grunnar til det, seier Erlien.

erlien_trond_0-aspect-ratio-9-16
Trond Holmen Erlien.

Historikar og arbeidslivsforskar Trond Holmen Erlien. Foto: Uib.

Han understrekar at samanhengane i desse spørsmåla er komplekse. Ettersom vi i Noreg har høg yrkesdeltaking vert det både meir unormalt, men også meir synleg å stå utanfor. Og for dei som ikkje står heilt utanfor, men er i ein type «randsone» av arbeidslivet, så vert dei ofte tematisert som eit problem. Desse kunne vi like gjerne presentert som ein styrke ved vår arbeidsmarknad, framhevar Erlien.

–Vi har få langtidsledige, sidan mange har høg utdanning og finn seg nye jobbar. Men det er kanskje relativt sett vanskelegare å vere lågt utdanna enn det var før. For dei som jobbar i plattformøkonomien, som i Uber og Foodora, gir nok omgrepet meining, seier han.

Frå arbeidslivsforskaren sitt perspektiv er det også interessant å sjå endringar i måten vi snakkar om arbeidslivet:

–Det er stor merksemd mot forfallet i fleire store sektorar, og då i delar av arbeidslivet som vi før tenkte på som trygge jobbar som til dømes posten, seier han. Dette er ein del av det norske arbeidslivet der det kan vere interessant å snakke om prekarisering, sidan det har vore nedbemanning gjennom fleire tiår. Vi ser til dømes at den kommersielle budservicedelen Bring er prega av kontraktørliknande tilstandar, seier Erlien.

Arbeidslivsforskaren ser store verdiar for feltet i samtidslitteraturen:

–Den gode litteraturen klarer å ta tak i dei strukturelle endringane gjennom enkeltskjebnar.