Heller ikkje Kari Spjeldnæs vil «ditche» lyd.
– Lydbøkene har gjort at mange av oss får tilgang på litteratur som vi elles ikkje ville ha lese. I tillegg gjer dei litteraturen tilgjengeleg for alle som strevar med å lese. Det har stor verdi for mange.
Likevel er det større skilnader på lyd og tekst enn vi lett tenkjer, påpeikar ho.
– Synsinntrykk og høyrsleinntrykk har ulike destinasjonar i hjernen. Når du les tekst, må du forme bokstavar til ord, ord til setningar og så vidare. Det krev meir omfattande fordjuping enn det å lytte.
Viss du lyttar til ein tekst andre har lese inn, hoppar du over desse ledda, og du får ein del tilleggsinformasjon med på kjøpet – tonefall, for eksempel – som hjelper deg å tolke teksten.
I tillegg er det slik at vi, når vi lyttar, ofte gjer ein annan aktivitet i tillegg. Da er det lett å falle ut. Og skal vi hugse informasjon, må vi vere til stades, ifølgje Spjeldnæs.
– Her er lesinga i ein unik posisjon: Les du godt, gjer du berre det.