Nyheter

Kan oljefondet forsvinne?

Då oljefondsjef Nikolai Tangen entra scenen for Finanstalen under Arendalsveka i sommar, vekte temaet for talen merksemd: Kan oljefondet forsvinne?

–Svaret på det spørsmålet er: ja. Og det verste er at i den verda vi lever i dag, så er ikkje det heilt usannsynleg, sa Tangen og inviterte salen med på ei førelesing i økonomisk historie. Frå spanjolane si bortødsling av rikdomen robba frå den nye verda, til Nederland si lite kloke forvaltning av gassinntekter gjennom 1960- og 70-åra, var bodskapen at store formuar alltid går tapt. Med eit nær ubegripeleg høgt tal skinande på skjermen bak seg, 22 000 000 000 000, poengterte Tangen så at oljefondet har vokse fram gjennom tre unormale tiår i den økonomiske historia. Kan ein slik enorm vekst i finansmarknadane halde fram?

nicolai-tangen-1-norges-bank-investment-management-aspect-ratio-9-16
nicolai-tangen-1-norges-bank-investment-management

Oljefondsjef Nicolai Tangen mener det ikke er helt usannsynlig at fondet kan gå tapt. Foto: Norges Bank Investment Management.

Meir konkret vart Tangen då han peikte på dei mange likskapstrekka mellom verdssituasjonen i dag og den som leia fram mot den store depresjonen på 1930-talet. Veksande tollmurar, høg prising av nye teknologiar og ei fragmentering av verdshandelen er trekk vi kan kjenne att i dag, og som gav inntrykk av at krisescenarioa ikkje treng å ligge i ei fjern framtid. Kva tankar gjer andre økonomar seg om hovudpunkta i Tangen sin tale?

Vi må disiplinere oss

Ein av dei som har sansen for dei lengre linjene i førelesninga til Tangen, er Ola Grytten, professor i økonomisk historie ved Norges Handelshøgskule. Han merkar seg at sjølv om Tangen teikna opp fleire scenario, så har det i ettertid blitt snakka mest om katastrofescenarioet:

–Det kan kome krig der vi vert invaderte og dersom dei som invaderer får tak i pengane i utlandet, kan dei gå til nokon andre, men eg går ikkje rundt og er redd, seier Grytten. Men sjølv om han ikkje er redd, ser han mørke skyer på den økonomiske himmelen grunna dei store uttaka av oljerikdomen. Nær 600 milliardar, meir enn kvar fjerde krone i Statsbudsjettet, kjem i dag frå fondet.

Ola-Grytten_portrettbilete-aspect-ratio-9-16
Ola Grytten

Professor i økonomisk historie ved NHH, Ola Grytten. Foto: NHH.

–Vi tek ut så mykje av fondet i dag, at det truleg er både inflasjons- og rentedrivande. Mi frykt er at vi tek ut så mykje at vi venner oss til dei store overføringane. Vi må rett og slett disiplinere oss på uttaket, seier Grytten.

 

I Finanstalen så peikar Tangen på mange likskapar mellom den økonomiske situasjonen i dag og den som leia fram mot det store krakket på Wall Street i 1929. Deler du dette resonnementet?

–Der er klare likskapstrekk, men også store skilnader. Soliditeten i bankvesenet er betre og vi har betre kontroll på finansmarknadene i dag, men viljen til å bruke veldig mykje pengar er like stor, og det gjeld også pengar mange land ikkje har når det kjem til offentleg sektor. Privat sektor er derimot mykjer sunnare enn den var då krakket råka i 30-åra, seier Grytten.

Han gir Nicolai Tangen rett i den underliggande premissen om at alle formuar går tapt over tid, men meiner det er grep vi kan ta for å skyve dette lenger inn i framtida:

–Vi lever i dag litt som rentenistar. Det viktigaste vi kan gjere er å disiplinere oss på uttaket og halde fram med ei god forvaltning utan for stor risiko. Får vi eit kjempekrakk på børsen og fondet fell til halvparten av verdien, så må vi anten halvere utgiftene eller ta ut 6 prosent i staden for 3 prosent som handlingsregelen tilseier no. Då kan det fort ende med at vi byrjar bruke av sjølve fondet og ikkje berre avkastninga påpeikar Grytten.

For stort?

Kjetil Ansgar Jakobsen, professor i intellektuell historie ved Nord Universitet, er ein av dei som har plassere det veksande oljefondet inn i ein større historisk og politisk samanheng. Jakobsen seier seg einig med Tangen i at alle store utanlandsformuar historisk sett har forsvunne. Sjølv har han nytta rikdomen til dei engelske og franske kolonimaktene som historiske eksempel på at nasjonar ikkje kan sitte som kreditorar over lang tid utan at formuen går tapt. Der finanstalen undersøker faren for at fondet kan forsvinne, har Jakobsen retta merksemda mot farane eit for stort oljefond utgjer:

–Storleiken til fondet medfører ein geopolitisk risiko. Di større fondet blir, di meir merksemd trekk det til seg, og det kan rote Noreg inn i krigar og konfliktar vi helst burde halde oss unna, seier Jakobsen.

Kjetil-Ansgar-Jakobsen-1791429457-aspect-ratio-9-16
Kjetil Ansgar Jakobsen-1791429457

Professor i intellektuell historie ved Nord Universitet, Kjetil Ansgar Jakobsen. Foto: Nord universitet.

Han ser fleire utfordringar ved det raskt veksande fondet og meiner ei framtid der fondet held fram med å vekse, vil innebere ei dårleg utvikling for Noreg:

–Over tid så kan ikkje eit land leve av finansinntekter. Eit land lever av det dei produserer, av menneskeleg og teknisk kapital. Alternativet er ein samfunnsmodell som dei har i Kuwait eller Saudi Arabia, som er bygd på framandarbeid, forklarer Jakobsen.

Men om eit veksande fond kan verte eit problem, korleis bør vi då nytte rikdomen for at den ikkje skal verte ei forbanning?

–Vi bør investere mest mogeleg i det som gir oss føremoner i framtida, som i samferdsle og forsking. Eg meiner også vi må gå for ei styrt avvikling av norsk oljeproduksjon. Det er vanskeleg å forsvare ei framhald av denne når vi ikkje har ein fornuftig bruk av dei pengane produksjonen genererer.

Jakobsen meiner også at det kan takast grep med sjølve fondet som vil reduserer farane ved eigarskapen. Det kan innebere ei oppsplitting av fondet, der til dømes delar av fondet vert øyremerka til klimatiltak, eller at deler av fondet vert gjort om til eit faktisk pensjonsfond knytt til kvar enkelt av oss.

Til liks med Grytten er Jakobsen uroa for veksten i bruken av fondet:

–Avhengigheita vår av fondet vert større di større fondet er, noko som også medfører at eit tap av fondet vil verte meir øydeleggande, seier Jakobsen.

Uheldig spiral

Spørsmålet er kva som ligg bak eit slikt tap eller krakk. Det er naturleg å tenke at det vil samanfalle med vekst i pensjonsutbetalingar og krisepakkar som kan tære på fondet.

Og det er mot årsakene til eit mogeleg verdifall Astrid Louise Hanssen Wang, førsteamanuensis ved institutt for økonomi ved Universitetet i Bergen, rettar merksemda:

–Det skumle er jo ikkje om 80 prosent av aksjeverdiane forsvinn, men kva som ligg bak eit slikt mogeleg fall. Om dette kjem av ei varig destabilisering av marknadene, så vil dette sende folk ut i arbeidsløyse. Då vert det mindre skatteinntekter samstundes som utbetalingane til trygder veks, forklarer Wang. I ein slik situasjon vil det vere vanskeleg for politikarane å halde seg unna å bruke meir, også av sjølve fondet, og vi kan fort hamne i ein uheldig spiral som kan ende i at heile fondet forsvinn.

wang_astrid-aspect-ratio-9-16
wang_astrid

Astrid Louise Hanssen Wang er førsteamanuensis ved institutt for økonomi ved Universitetet i Bergen. Foto: UiB.

Korleis vil eit brått fall i avkastninga frå fondet påverke oss?

Det vil påverke oss på mange måtar. Kanskje mest kritisk for dei som er utsett for arbeidsløyse, og som difor vil få vesentleg lågare inntekter, seier Wang. Ho trur arbeidstakarar innan bygg, handel og transport vil vere spesielt utsette i ein situasjon der aksjemarknaden stuper.

– I ein krise vil nok dei som arbeidar innan helse- og omsorg eller i forsvaret verte mindre påverka, seier ho, men tilsette i offentleg forvaltning vil nok også oppleve nedskjeringar.  Kutt i statsbudsjettet i storleiksorden på fleire hundre milliardar kroner er noko vi alle villa merka. Tangen viser i talen til at dei 25 prosentane i statsbudsjettet som kjem frå avkastninga i oljefondet svarer til det vi brukar på alle norske sjukehus, heile forsvaret, samferdsel samt høgare utdanning og forsking til saman.

Trygge ein del av fondet?

Nabolanda våre, Sverige og Danmark, har ikkje inntekter frå store fond, men klarer seg likevel bra. Kvifor er det slik?

-I Sverige gjennomførte staten ei storstilt sentralisering i 1950-åra, og folk flytta ut frå landsbygda og inn mot byane. Ei slik sentralisering gjorde vi ikkje i Noreg, og vi har difor større utgifter på mange felt som samferdsel, skulestruktur og distriktspolitikk, seier Wang. Ho påpeikar samstundes at dette heng saman med at distriktspolitikken i norsk samanheng har vore tett knytt opp mot tryggleikspolitikken og at den spreidde busetjinga er eit val vi har teke. I tettbygde Danmark har dei desse sentraliseringseffektane frå naturen sin side, men ingen av nabolanda våre har heller like rause trygdeordningar retta mot arbeidstakarar med helseplager som Noreg.

For å redusere sårbarheita har Wang undrast på om vi burde innretta oss på ein måte som gjorde at ein del av fondet vart halde heilt borte frå politikarane. Ein del av fondet som ikkje kunne rørast:

-Fondet representerer ein enorm tryggleik for oss alle, og, sjølv om alderspensjonen først og fremst vert finansiert med skatt, er fondet også min garantist for at eg vil få alderspensjonen min, og ho føreslår i lys av Tangens tale ein debatt på om delar av fondet skulle vorte trygga frå å kunne nyttast.