Kor mykje er det greitt å tene når du studerer? 234.821 kroner, ifølgje Lånekassen. For deg som søker studiestøtte heile året, blir stipendet gradvis nedjustert viss du tener meir. Det betyr:
- Du kan tene 19.568 kroner i månaden brutto utan å bli «straffa»
- Månadleg lån og stipend er på totalt 15.488 kroner
- Du har dermed rundt 35.000 kroner å rutte med per månad. Trekker du frå skatt og lån som skal betalast tilbake, sit du att med rundt 23-24.000 kroner.
Det bør vel halde?
Nei, meiner Andrea Melhus Åmodt, masterstudent og studentleiar for Samfunnsviterne.
– Eg meiner det er fornuftig med ei inntektsgrense. Men grensa bør vere betydeleg høgare enn i dag, slik at ho ikkje avgrenser valfridomen til studentar som vil, eller må, jobbe for å styrke økonomien sin, seier ho.







