Sett utanfrå kan det verke som om det er lite aktiv motstand mot Trumps politikk i USA. Men ein graf frå prosjektet The Crowd Counting Consortium tydar på stor protestaktivitet i 2025 – omtrent tre gonger så stor som i 2017, under Donald Trumps førre presidentperiode.
– Vi har hatt lite mediedekning av desse protestane i Noreg. Då er det lett å få inntrykk av at lite skjer. Mange i USA sit nok med det same inntrykket, seier Marianne Dahl, forskingsdirektør ved Prio og ekspert på sivil motstand.





